Pilotar protesterer mot omstridd SAS-grep

SAS-pilotane demonstrerte tysdag framfor Stortinget i protest mot at selskapet først nedbemanna, for deretter å oppbemanne i nyoppretta dotterselskap.

Under koronapandemien sa SAS-leiinga opp ei rekkje pilotar. No er det oppretta nye dotterselskap der pilotane må søkje på dei gamle jobbane sine.

Etter demonstrasjonen på Eidsvolls plass drog rundt 100 pilotar til Gardermoen for å vise SAS-leiinga at dei står klare til å komme tilbake på jobb, med uniforma hengande på ein kleshengjar.

Arrangementet er i regi av pilotar og kabintilsette i Noreg, med støtte frå fagforeiningane Norske SAS-flygarars Forening, SAS Norge Flygerforening, Norsk Flygerforbund, Kabinansattes Forbund, LO og Parat.

SAS har fleire gonger avviste at dei har brote nokon avtalar ved å opprette nye dotterselskap.

(©NPK)

Oppsagde SAS-tilsette demonstrerte tysdag på Eidsvolls plass framfor Stortinget. 2.200 skandinaviske SAS-tilsette vart oppsagde frå SAS som følgje av koronapandemien.
Foto: Annika Byrde / NTB

LO-sekretær Are Tomasgard heldt appell framfor Stortinget under demonstrasjonen der oppsagde SAS-tilsette i Norge demonstrerte tysdag ettermiddag. Foto: Annika Byrde / NTB