Piratar angreip lasteskip ved Singapore

Eit sørkoreansk lasteskip vart måndag angripe av piratar i nærleiken av Singapore.

Angriparane tok igjen lasteskipet CK Bluebell med ein speedbåt i Singaporestredet, opplyser sørkoreanske styresmakter til nyheitsbyrået Yonhap.

Etter ein halvtime stakk piratane av med mobiltelefonar, klede og kontantar tilsvarande over hundre tusen kroner. Ingen av mannskapet fekk alvorlege fysiske skadar.

(©NPK)