Annonse

Planar om eigen koronaklinikk i OL-landsbyen

OL-arrangørane i Tokyo vurderer å opprette ein eigen klinikk inne i deltakarlandsbyen for å ta seg av moglege koronavirustilfelle under leikane neste sommar.

Alle som viser symptom eller testar positivt for koronaviruset vil bli behandla på ein eigen klinikk inne i sjølve OL-landsbyen. Dette som eit tiltak for å hindre spreiing i resten av millionbyen, ifølgje avisa Nihon Keizai Shimbun.

Ifølgje kjeldene til avisa vil det òg bli oppretta eit eige testsenter i OL-landsbyen.

OL-landsbyen ved Tokyo-bukta er stengd for alle som ikkje er akkreditert for leikane. Landsbyen har totalt 21 bygningar som skal huse utøvarar og leiarar. Bustadkomplekset inneheld alt av fasilitetar, og det er venta at på det meste vil rundt 30.000 menneske opphalde seg der under leikane.

Sommar-OL i den japanske hovudstaden skulle gått av stabelen i august/september i år, men koronapandemien sette ein stoppar for dei planane.

Det er oppretta ei eiga koronagruppe for å ta seg av tryggleiken til deltakarane under leikane. Ein førebels rapport vil truleg bli presentert mot slutten av året.

(©NPK)

OL-landsbyen ved Tokyo-bukta i den japanske hovudstaden. Foto: Jae C. Hong / AP / NTB