Planlagt nytt portforbod i Tyrkia blir ikkje innført

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan droppar planen om eit nytt portforbod i 15 provinsar denne helga.

Regjeringa varsla tiltaket natt til fredag, og formålet var å hindre koronasmitte.

Men seinare same dag vart avgjerda omgjord. Erdogan viste på Twitter til dei sosiale og økonomiske konsekvensane stenginga ville fått.

I staden oppmoda han folk til å bruke ansiktsmasker, halde avstand og følgje hygieneråd.

Både hovudstaden Ankara og storbyen Istanbul var på lista over dei 15 byane.

Tyrkia byrja frå måndag av ei gradvis nedtrapping av koronarestriksjonar. Mellom anna starta eit avgrensa tal innenlandsflygingar igjen, og også kafear, restaurantar, parkar og museum opna.

(©NPK)

Måndag letta Tyrkia på fleire av koronarestriksjonane. Planen om eit nytt helge-portforbod i ein rekke byar og provinsar er no droppa. Foto: Burhan Ozbilici / AP / NTB scanpix