Annonse

Plassen utanfor Det kvite hus blir døypt om til Black Lives Matter Plaza

Området føre Det kvite hus som vart rydda for demonstrantar tidlegare i veka, heiter no Black Lives Matter Plaza, opplyser ordføraren i Washington D.C.

Aktivistar og tilsette i Washington D.C. måla fredag namnet på den antirasistiske protestrørsla på bakken. Dei enorme lysegule bokstavane strekk seg over to kvartal i gata som fører fram til presidentbustaden.

– Delen av 16th street føre Det kvite hus er no offisielt Black Lives Matter Plaza, tvitrar ordførar Muriel Bowser saman med ein video av byansatte som set opp eit skilt med namnet.

Måndag fekk Donald Trump føderale styrkar til å fjerne demonstrantar ved bruk av mellom anna tåregass, slik at han sjølv kunne gå gjennom ein park til ei kyrkje for å halde opp ein bibel medan han lét seg fotografere.

(©NPK)

Ordførar Muriel Bowser i Washington går på gata som fører til Det kvite hus, etter at orda Black Lives Matter blei malt i digre lysegule bokstavar på asfalten. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB scanpix / NPK

Black Lives Matter malalst i enorme gule bokstavar på gata som går til Det kvite hus i Washington fredag. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB scanpix / NPK

Med St. John's Church i bakgrunnen er det satt opp eit nytt gateskilt fredag. Den delen av 16th street som strekker seg over to kvartalar framfor Det kvite hus, heiter no Black Livest Matter Plaza. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB scanpix / NPK