Annonse

Platini går til sak for å reinvaska namnet sitt

Tidlegare UEFA-president Michel Platini vil bevisa at fleire tidlegare Fifa-toppar samarbeidde for å få han stengt ute frå fotballen.

Annonse

For få år sidan var Platini ein av dei største maktpersonane i internasjonal fotball, men i 2015 miste franskmannen vervet sitt som UEFA-president. Han blei også utestengd.

Platini måtte gå då det blei kjent at han hadde teke imot 17 millionar kroner i ureglementerte pengar frå dåverande FIFA-president Sepp Blatter. Utbetalinga skjedde i 2011 og var etter det som er sagt for arbeid utført for organisasjonen mange år tidlegare. Også Blatter blei stengd ute frå fotballen som følgje av overføringa.

No vil Platini reinvaska namnet sitt. Det skal han gjera ved å trekkja fleire tidlegare toppar i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) inn i saka. Ifølgje Le Monde meiner den tidlegare UEFA-presidenten at han blei utsett for eit komplott, og avisa skriv at Platini har levert ei politimelding.

Le Monde skriv også at franskmannen mistenkjer den tidlegare juridiske sjefen i Fifa, Marco Villiger, tidlegare formann for FIFAs revisjonskomité Domenico Scala og Sepp Blatter for å ha regissert avgangen hans. Platini meiner dei tidlegare toppmennene samarbeidde om å leka informasjon til sveitsiske styresmakter med mål om å få han avsett.

Platini var UEFA-president mellom 2007 og 2015. Han prøvde i denne perioden å vippa Blatter av trona som FIFA-president.

(©NPK)

Michel Platini vil reinvaska namnet sitt etter at han blei avsett som UEFA-president i 2015. Foto: Lionel Cironneau / AP / NTB scanpix