Pochettino før City-kampen: - Vi treng flaks

Mauricio Pochettino held Manchester City som meisterligafavorittar, men insisterer på at Tottenham kan stoppe dei lyseblå sjølv om Harry Kane er skadd.

Tottenham leiar 1-0 før kvartfinaleoppgjeret på onsdag. Manchester City jaktar det første meisterligatrofeet og vil bli ei tøff nøtt å knekke for Tottenham.

- Så klart kjem det til å bli vanskeleg. Manchester City er eitt av dei beste laga i verda og ein klar favoritt til å vinne Premier League og Champions League, sa Pochettino på pressekonferansen tysdag.

Likevel er Tottenham-manageren optimistisk før returoppgjeret.

- Det er vanskeleg når Manchester City speler ein finale, som det blir. Det er fantastisk at vi vann den første kampen, men oppgjeret er framleis ope. Det vi har, er trua, fortalde 47-åringen og heldt fram:

- Vi kjem til å kjempe og håpe for ei veldig god framsyning, men vi treng litt flaks i viktige augneblink i kampen.

London-klubben må klare seg utan stjernespelar Harry Kane, som måtte ut med ein leddbandskade i første kamp. Også Dele Alli er usikker sidan han fekk brot i handa i same kamp.

(©NPK)

Mauricio Pochettino og Tottenham har ein tøff oppgåve borte mot Manchester City i meisterligaens kvartfinale onsdag, men kvittrøyene leier 1-0 etter første oppgjer. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB scanpix