Pogba: - Å trene under Zidane er ein draum

Paul Pogba er på framsida av fleire spanske sportsaviser torsdag. Utsegnene hans er langt frå kva Manchester United-fansen ønsker å høyre.

- Madrid er ein draum, og Zidane (trenar Zinedine) er der, seier Pogba i eit intervju med sportsavisa AS.

Spanias mest lesne avis, Marca, har òg sitat frå Pogba frå ein seanse med det franske landslaget i Paris. - Å trene under Zidane er ein draum, seier han der.

- Eg er glad over å vere i Manchester no. Vi har ein ny trenar og ein ny spelestil, men ein veit ikkje kva framtida kan bringe.

Pogba har fått eit skikkeleg løft etter at Ole Gunnar Solskjær overtok for José Mourinho.

Pogbas kontrakt med United går til sommaren 2021. Marca spekulerer i ein overgangssum på vel 1 milliard kroner om franskmannen skulle vilje flytte til Madrid.

(©NPK)

Manchester United manager Ole Gunnar Solskjær gir beskjed til spelarane med Paul Pogba (i forgrunnen). Foto: Erik Johansen / NTB scanpix