Polen avviser EU-uro

(NPK-NTB): Polen står hardt på sitt i svara landet gir EU om omstridde lovendringar.

Onsdag blir utviklinga i Polen tema i eit møte i EU-kommisjonen.

Kommisjonens visepresident Frans Timmermans har sendt to brev til Warszawa og bedt om ei utgreiing om omstridde lovendringar som endrar vilkåra for forfatningsdomstolen og offentleg kringkasting.

Svaret har vore krast begge gongene.

– Polen er ein suveren og demokratisk stat, understrekar justisminister Zbigniew Ziobro og erklærer seg «forbløffa» over Timmermans førespurnad om forfatningsdomstolen.

– Eg ber om at du i framtida er meir tilbakehalden når det gjeld å instruere og formane nasjonalforsamlinga og regjeringa i ein suveren og demokratisk stat, sjølv om det skulle vere ideologiske forskjellar mellom oss, skriv Ziobro i brevet som er lagt ut Twitter-kontoen til på justisministeren.

I svaret Utanriksdepartementet har sendt til Brussel, avviser det nasjonalkonservative regjeringspartiet Lov og rettferd at den nye medielova i Polen avgrensar pressefridomen.

– Det verkar som om nokon som er fordomsfull mot polske styresmakter, har gitt deg villeiande informasjon om lovendringa, heiter det i brevet som Financial Times har offentleggjort. (©NPK)