Annonse

Polens statsminister i klinsj med EU

Polens statsminister Mateusz Morawiecki skulda EU for «utpressing» då han gjekk ope ut og trassa EU-kommisjonens leiar Ursula von der Leyen.

Dragkampen mellom EU og Polen nådde EU-parlamentet tysdag, der Morawiecki møtte opp for å forsvare standpunktet om å setje lovene i landet over EUs.

Von Der Leyen tok ordet før Morawiecki fekk sleppe til på podiet. Ho varsla at kommisjonen «vil handle» for å stramme inn overfor Polen.

– Vi kan ikkje og vil ikkje tillate at dei felles verdiane våre blir utsette for risiko, sa ho og lista opp kva for nokre juridiske, økonomiske og politiske moglegheiter som no blir vurderte.

Mellom anna nemnde ho moglegheita for å nytte artikkel 7 i EU-traktaten, som seier at eit land kan bli fråtatt rettar i unionen dersom dei bryt med dei grunnleggjande verdiane i unionen.

– Artikkel 7 er ein kraftfull reiskap. Vi må komme tilbake til dette, skreiv Von der Leyen på Twitter etterpå.

-Utpressing

Morawiecki slo resolutt tilbake i talen sin.

– Det er uakseptabelt å snakke om økonomiske straffetiltak. Eg vil ikkje godta at EU-politikarar driv utpressing mot Polen, sa han.

Bakgrunnen for striden er ei avgjerd i den polske grunnlovsdomstolen tidlegare i haust der det vart fastslått at nokre av EUs lover er i strid med Grunnlova i landet.

Dette vedtaket blir i EU-krinsar rekna som eit mogleg første steg i retning av at Polen forlèt EU.

Men Polen har på ingen måte til hensikt å tre ut av EU og nektar å la seg presse, understreka Morawiecki i talen sin. Den steile haldninga bar vitne om at striden mellom EU og Polen er like betent som nokosinne, skriv TT.

– Polens innbyggjarar er ikkje blinde og døve. Vi kan ikkje og kjem ikkje til å halde oss tause, sa statsministeren.

– Djupt bekymra

Det har komme krav om at EU må halde tilbake EU-midlar frå Polen viss landet ikkje endrar innstilling. Von der Leyen nøgde seg med å liste opp kva verkemiddel som blir vurderte, men gjekk ikkje nærare inn på kva EU-kommisjonen aktar å gjere.

– Eg kan seie at eg er djupt bekymra. Denne rettsavgjerda undergrev vernet av sjølvstendet til rettsvesenet. Utan uavhengige domstolar får menneske mindre vern, og dermed er rettane deira i fare, påpeika ho.

Polen motset seg denne skildringa. Ifølgje Morawiecki handlar vedtaket berre om å klarleggje kven som har ansvar for kva, og at det ikkje kan vere opp til EUs domstol å bestemme kva EU har rett til å gjere.

– EU er ikkje ein stat. Det er medlemsstatane som avgjer kva kompetanse som skal delegerast. Vi har delegert mykje til EU, men ikkje alt, sa Morawiecki.

Opposisjonen reagerte

Statsministeren åtvara mot ein «krypande revolusjon» i EUs institusjonar, som han skuldar for å ønskje seg ein sentralstat som kan tvinge «provinsen» til å gjere som dei vil.

Han gav samtidig uttrykk for håp om framleis dialog og foreslo at det kan etablerast eit kammer i EU-domstolen med representantar for dei konstitusjonelle domstolane i landa.

Debatten i EU-parlamentet var hard i tonen. Synspunktet til den polske regjeringa om at EU blir smugsentralisert, blir først og fremst delt av ytre høgreparti og støttepartia til regjeringa, som reknar at kommisjonen har ein politisk dagsorden.

– De vil ha tilbake marionettane dykkar som går med på alt de seier. Men landet mitt er uavhengig, og berre polakkar kan bestemme kven som styrer, seier Patryk Jaki, som tilhøyrer ytre høgrepartiet SP.

Det utløyste eit hissig svar frå den polske opposisjonen:

– Dette handlar berre om at de skal kunne true og erstatte alle uavhengige dommarar med dykkar eigne lakeiar, sa tidlegare utanriksminister Radek Sikorski frå det konservative PO.

Vurderer å halde igjen pengar

I Luxembourg er EU-ministrane klare til å førebu toppmøte denne veka, der spørsmålet om kva ein skal gjere med Polen, blir eit sentralt tema.

– Det er ei sak for alle EU-land at vi har uavhengige domstolar i alle 27 medlemsland. Det er heilt nødvendig for at den indre marknaden vår skal fungere, og for at vi skal ha den tilliten som krevst, seier EU-minister Hans Dahlgren til Sveriges Radio Ekot-korrespondent. Han er spent på kva EU-kommisjonen har tenkt å gjere.

– Det er ulike verkemiddel som har vorte brukte før, og vi vil snart ha eit nytt instrument som handlar om å halde tilbake pengar frå land som ikkje fullt ut respekterer rettsstatsprinsippa, seier Dahlgren.

(©NPK)

Den polske statsministeren Mateusz Morawiecki talte i EU-parlamentet i Strasbourg tysdag for å forsvare vedtaket frå den polske grunnlovsdomstolen. Foto: Ronald Wittek, Pool Photo via AP/NTB

Leiar Ursula von der Leyen i EU-kommisjonen gjorde det klart at EU ikkje vil godta at Polen set eigne lover over EUs, men sa ikkje kva tiltak EU aktar å ta i bruk for å følgje opp. Foto: Ronald Wittek, Pool Photo via AP/NTB