Annonse

Politibetjent la igjen pistol på toalettet under svensk toppkamp

Ein svensk politibetjent risikerer lønnstrekk etter å ha gløymt igjen våpenet på toalettet under ein fotballkamp på Friends Arena i juni, skriv Aftonbladet.

Annonse

Det var under storkampen mellom AIK og Malmö at ein privatperson fann pistolen på eitt av toaletta på den svenske landslagsarenaen.

19.141 tilskodarar var til stades på tribunane i 0-0-kampen der mellom anna Tarik Elyounoussi spelte.

Personen som fann våpenet, melde ifrå til ei ordensvakt og leverte det frå seg. Ifølgje Aftonbladet skal den aktuelle politibetjenten sjølv ha meldt frå på politiradioen om at eit våpen var funne, før betjenten seinare oppdaga at det var vedkommande sin eigen pistol.

Undervegs i kampen hadde politibetjenten gått på toalettet, lagt våpenet på golvet og så forlate toalettet utan å ta med seg pistolen.

Det vart innleidd ei etterforsking av episoden, men påtalemakta konkluderte med at politibetjenten ikkje har gjort noko regelbrot. Politiets personalansvarsnemnd ser samtidig alvorleg på episoden og tilrår lønnskutt som straff for våpenhendinga.

(©NPK)

Tarik Elyounoussi scorar for AIK i ein kamp på Friends Arena.
Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB scanpix