Politidirektoratet strammar inn krava for nødpass

Den veldige pågangen frå nordmenn som skal fornya passet sitt, har ført til «passkrise». I ei ny forskrift gjer POD det mykje vanskelegare å få nødpass.

– Kriteria for å få nødpass vil bli stramma inn. Før kunne ein få nødpass om ein hadde gløymt pass heime, slik blir det ikkje lenger, seier Unni Norum, fungerande seksjonssjef i ID-seksjonen i Politidirektoratet (POD), til TV 2.

Norum opplyser vidare at POD jobbar med å klargjere kriteria i forskrifta. Det kan ta frå nokre dagar til ei veke.

Pandemien har gjort at svært få har hatt behov for å fornye passa sitt dei to siste åra, men no er pågangen enorm. Hittil i år har politiet registrert 533.000 søknader om pass og nasjonale ID-KORT. Til samanlikning registrerte politiet 270.000 søknader om pass i siste normalår, 2019.

– Det blir signalisert at liv, helse og særlege velferdsomsyn no skal vektleggjast, seier politioverbetjent og avsnittsleiar Asbjørn Svellingen i Vest politidistrikt til kanalen.

(©NPK)

Pandemien og krigen i Ukraina skaper problem i forsyningskjeda for viktige materiale som blir brukte i produksjonen av pass, nødpass og nasjonale ID-KORT. Leveringstida for pass, som no er på sju veker, vil halde fram med å auke, og politiet trur situasjonen først vil normalisere seg i haust. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK