Annonse

Politiet etterforskar dødsfall på Averøy på Nordmøre

Ingen har status som mistenkt i samband med at ein mann vart funnen død på Averøy onsdag. Politiet leitar heller ikkje etter nokon gjerningsperson.

Annonse

Politiet i Møre og Romsdal opplyser torsdag at dei etterforskar saka som eit mistenkeleg dødsfall.

Væpna politi rykte ut til ein trusselsituasjon på ei privatadresse etter meldingar i 18-tida onsdag kveld om at ein person hadde oppført seg truande. Då politiet kom fram vart det funne ein død mann på staden.

- Undersøkingane våre i timane etter viser at det på det noverande tidspunktet ikkje er grunn til å sjå etter ein konkret gjerningsmann, seier politiadvoka Merethe Falkevik hos politiet i Møre og Romsdal.

Politiet har gjort åstadsundersøkingar og held fram etterforskinga for å få avklart omstenda rundt dødsfallet og hendingdgangen før funnet av den døde mannen.

- Vi etterforskar dette som eit mistenkeleg dødsfall og etterforskar breitt for å avklare omstenda, seier Falkevik.

(©NPK)

Ein mann er funnen død etter det som skal ha vore ein trusselsituasjon i Averøy kommune på Nordmøre onsdag. Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix