Annonse

Politiet får refs for treg respons under skuleskytinga: – Inga unnskyldning

Steven McCraw frå Texas Department of Public Safety kritiserer reaksjonen til politiet på skuleskytinga i Uvalde – spesielt tida det tok å stanse drapsmannen.

På ein pressekonferanse fredag sa McCraw at i staden for å omgåande bryte seg inn i eit av klasseromma på skulen og stanse gjerningspersonen, valde politisjefen i distriktet å vente på eit taktisk team med utstyr.

– Det var feil avgjerd, punktum. Det er inga unnskyldning for det. Vi meiner politiet burde teke seg inn så fort som mogleg, sa McCraw.

Politiet valde også å vente på å få nøklane til skulen og klasseromma, som gjerningspersonen hadde låst. Det taktiske teamet kom ikkje til åstaden frå før klokka 12.57 lokal tid, sa McCraw.

Då var det gått ein og ein halv time sidan drapsmannen kom til skulen, og 21 menneske, blant dei 19 barn, var drepe.

(©NPK)

USA er i sorg etter at 19 barn og to lærarar vart drepne i ei skuleskyting i Uvalde i Texas tysdag denne veka. Foto: Jae C. Hong / AP / NTB