Politiet: For tidleg å komme med siktingar etter dødsulykka på Baldwins filmsett

Politiet har funne fleire våpen og ei stor mengd ammunisjon på filmsettet, men ønskjer førebels ikkje å sikte nokon etter at ein fotograf mista livet.

Til saman har politiet funne tre skytevåpen, og dessutan 500 skot, skriv BBC.

I tillegg er eit blyprosjektil som trefte skuldra til regissøren av filmen, Joel Souza, vorte henta inn som bevis, då ein trur dette var skotet som vart fyrt av Alec Baldwin.

Statsadvokat Mary Carmack-Altwies seier etterforskinga førebels ikkje har konkludert med at det er grunn til å komme med siktingar.

Kamerasjef Halyna Hutchins mista livet då skodespelaren Alec Baldwin fyrte av eit rekvisittvåpen under innspeling av westernfilmen «Rust» utanfor Santa Fe i New Mexico førre veke. Baldwin er òg produsent for filmen.

(©NPK)

Politiet har jobba grundig på filmsettet. Foto: Jae C. Hong / AP / NTB