Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Skien kyrkjelyd ville ikkje melde aksjonen der medlemmer av Extinction Rebellion avbraut ei gudsteneste. No har politiet likevel starta etterforsking.
vaktsjef@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 20.04.2022 kl 17:27
– Politiet har oppretta sak, og vi vil undersøkje om dette blir ramma av straffelova og føresegna om ordensforstyrring, seier politiadvokat Christine Hartveit Eriksrød i Søraust politidistrikt til NRK.
Ho seier at dei òg skal undersøkje om aktivistane har brote lova ved å vise omsynslaus åtferd.
Det var søndag at sju aktivistar frå Extinction Rebellion gjekk til aksjon med døde dyr på kors under påskegudstenesta i Skien kyrkje og prøvde å ta seg inn i kyrkja. Dei vart stoppa av kyrkjetenarar og andre som var til stades.
Vårt Land skreiv tysdag at Skien kyrkjelyd tek avstand frå aksjonen, men at dei ikkje ville melde aksjonistane til politiet fordi dei ikkje ville gi dei meir merksemd.
Politiet har likevel starta etterforsking på eige initiativ. Politiadvokat Eriksrød seier at det kan bli aktuelt med eit førelegg dersom dei kjem fram til at aksjonistane har brote lova.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.