Politiet legg bort melding mot NRK
(NPK-NTB): Politiet har lagt bort meldinga frå Kvinnegruppa Ottar og Kari Jaquesson som meinte NRK-programmet Trygdekontoret braut sexkjøpslova.
Politiet meiner det ikkje ligg føre «rimelig grunn til å undersøke om det foreligger straffbart forhold», melder NRK.
Bakgrunnen for politimeldinga var NRK-programmet Trygdekontorets bestilling og innkjøp av pornografi.
Underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen i NRK seier at bortlegginga ikkje var uventa.
Ane Stø, leiar i Kvinnegruppa Ottar, seier dei vil klage.
Jaquesson har kritisert at NRK tidlegare i år brukte lisenspengar til å leige eit par i California til å spele inn ein pornofilm etter manus frå programleiar Thomas Seltzer.
I ei utgåve av Trygdekontoret som blei sendt 7. april i år, blei Kari Jaquesson parodiert av ein innleigd pornoskodespelar etter å ha kome med kritikken. (©NPK)