Klargjør siden...

Politiet legg bort meldingar om søndagsopne butikkar

(NPK-NTB): Rema 1000 har meldt 120 butikkar landet rundt for brot på reglane for å halde søndagsope. No blir sakene i Oslo og Sør-Trøndelag lagt bort.

Politiet i Oslo og Sør-Trøndelag har gjort kort prosess, skriv Aftenposten.

– Bortlegginga skjer på bakgrunn av manglande saksbehandlingskapasitet hos politiet. Det betyr i klartekst at desse sakene ikkje blir prioritert å bruke etterforskingskapasitet på, seier politiinspektør Trine Krok ved Oslo politikammer til avisa.

Rema 1000 har moglegheit til å klage på avgjerda. Butikkjeda melde i januar 120 butikkar landet rundt for å ha brote reglane som gjeld for å halde ope på søndagar. (©NPK)

Annonse