Annonse

Politiet meiner dei har funne gjerningsmannen bak drapet på språkforskar Knut Kristiansen i 1999

Politiet meiner dei har funne gjerningspersonen bak drapet på språkforskar Knut Kristiansen (71) i Oslo i 1999.

Politiet meiner at ein mann i 40-åra drap Kristiansen, som vart funnen død i leilegheita si på Sandaker i Oslo 20. juli 1999.

Mannen døydde året etter.

– Vi meiner å knyte han direkte til drapet, men vi vil ikkje få svar på alle spørsmål i denne saka. Det er ikkje ei konstatering av skuld i juridisk forstand, seier politiinspektør Grete Lien Metlid.

Metlid opplyser at dei ikkje kjem til å gå ut med namn på mannen av omsyn til hans pårørande.

– Vi meiner oss sikre på kven gjerningspersonen var. Han var ein norsk mann frå Oslo som på drapstidspunktet var i midten av 40-åra, seier ho.

Kristiansen vart funne død, utsett for grov vald. Politiet meiner han vart drepen 4. juli, to veker før han vart funnen.

– Det var ingen spor på åstaden som viste teikn på innbrot. Vi meiner berre Knut og gjerningspersonen var til stades, og at Knut sleppte gjerningspersonen inn, seier Metlid.

Etterforskingsgruppa som jobbar med uløyste saker i Oslo, har jobba aktivt med saka dei siste to åra og har gått gjennom alt materiale på nytt.

– Det som leidde til gjennombrotet er ny etterforsking og DNA-metodar.

John Christian Elden er utnemnd som bistandsadvokat for familien.

– På vegner av familien vil eg takke politiet for grundig og kreativt arbeid i etterforskinga. Dette er ein kombinasjon av moderne DNA-teknologi og eit vake etterforskarhovud som har gitt ei løysing og som gjorde det mogleg å kople saman opplysningane. Det har vore ein verkebyll for familien i 24 år, og no er det mogleg å få fred, seier Elden til Dagbladet.

Politiinspektør Grete Lien Metlid og politiadvokat Henrik Rådal i Oslo politidistrikt held pressebrifing om utviklinga i ei eldre drapssak i Oslo. Foto: Javad Parsa / NTB