Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Politiet i Oslo melder i 18.30-tida om at det skal vere fyrt av skot på Grønmo, søraust for Mortensrud. Politiet trur at nokon har avliva eit dyr på staden.
rikke.lillelien@ntb.no/paula.jee.ullaland@npk.no
Publisert: 28.07.2022 kl 18:54
Sist oppdatert: 28.07.2022 kl 19:42
– Politiet har ein del ressursar i området rundt Grønmo. Vi har fått melding om at det skal vere fyrt av skot på staden, skriv Oslo politidistrikt i ei pressemelding.
Hendinga skjedde cirka 30 min før politiet vart varsla.
I 19- tida opplyser politiet at det er gjort funn av ei mindre mengd dyreblod på staden.
– Dette blodet stammar ikkje frå menneske, så hovudhypotesen er at nokon har avliva eit dyr på staden, skriv dei.
Vitne skal ha høyrt skrik frå dyr i det aktuelle tidsrommet.
– Det er ikkje funne nokon skadde personar. Politiet har ingen informasjon som tilseier at nokon skal ha vorte skotne mot, skreiv politiet tidlegare torsdag kveld.
Politiet har ein hundepatrulje og eit helikopter til stades. Ifølgje NTBs fotograf på staden søkjer helikopter i området rundt Grønmo Golfklubb.
(©NPK)
Helikopter sirkulerer rundt Grønmo etter melding om at det skal vere fyrt av skot i området. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
I 18.30-tida torsdag fekk politiet melding om at skot skal ha vorte fyrt av på Grønmo, søraust i Oslo. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.