Annonse

Politiet: Mistenkjeleg at hettemannen i Hagen-saka ikkje har teke kontakt

Politiet har ikkje komme i kontakt med mannen med hettejakke som dei etterlyste i Hagen-saka. Dei meiner det er mistenkjeleg at mannen ikkje har teke kontakt.

– Mannen som er fanga på overvakingskamera forsvinningsdagen, og som politiet har etterlyst, er framleis ikkje identifiserte. Det er utført fleire etterforskingsskritt for å identifisere han, mellom anna er det gjennomført rekonstruksjonar for å avdekkje høgda til mannen. Resultatet av undersøkingane knytt til høgda til mannen er ikkje klare, seier politiinspektør Agnes Beate Hemiø i Aust politidistrikt i ei pressemelding onsdag.

– Sjølv om det kan vere naturlege årsaker til at mannen ikkje har meldt seg, finn politiet det mistenkjeleg at han ikkje har teke kontakt, seier Hemiø

Aust politidistrikt gjekk 1. juli ut og etterlyste ein mann som vart fanga opp av fleire overvakingskamera nær Sloraveien som Anne-Elisabeth Hagen forsvann frå 31. oktober 2018. Han hadde då status som vitne i saka.

Politiinspektør Hemiø seier at dei har undersøkt 122 ulike stader i Noreg og i andre land under etterforskinga.

– Desse stadene har vorte vurderte og prioriterte med tanke på sannsyn for at Anne-Elisabeth Hagen kan vere der. Politiet har på ulike måtar undersøkt ei rekkje av desse stadene.

Saka er framleis høgt prioritert, og politiet får framleis betydeleg bistand frå Kripos og andre særorgan. Mellom 30 og 40 personar jobbar med saka per dags dato.

– Saka er svært krevjande og komplisert, noko som også gjer etterforskinga utfordrande og tidkrevjande. I lys av dette meiner politiet framdrifta i etterforskinga er tilfredsstillande. Det er vanskeleg å seie noko om tidshorisonten i etterforskinga. Etterforskinga held fram så lenge det er relevante etterforskingsskritt å utføre, seier Hemiø.

Politiet gjekk i juli ut og sa at dei ønskte å komme i kontakt med mannen med hette midt i biletet. Foto: Politiet / NTB