Annonse

Politiet og NVE åtvarar mot uvêr i Nordland

Folk i Nordland blir bedne om å sikre lause gjenstandar og halde seg heime viss dei kan i helga. Det er varsla uvêr, kraftig vind og stor snøskredfare.

- Frå tidleg laurdag morgon til utpå ettermiddagen oppfordrar vi folk til ikkje å ferdast ute i terrenget eller på sjøen. Bruk sunn fornuft. Det er stor skredfare og i tillegg venta vanskelege køyreforhold, skriv politiet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Folk som er ansvarleg for byggjeplassar, industriområde og fiskeindustri må sikre desse, oppfordrar politiet.

Fylkesmannen har fredag hatt møte om det varsla uvêret i Fylkesberedskapsrådet. Politiet har auka bemanninga på operasjonssentralen og har ekstra mannskap i beredskap.

NVE følgjer òg situasjonen tett, særleg med tanke på nye straumbrot.

(©NPK)