Politiet: Opp mot fem timars ventetid på grensa ved Svinesund

Politiet melder om opp mot fire til fem timars ventetid på grensa ved Svinesund.

Politiet melder om stor pågang, lang ventetid og lang kø ved grenseinngangen til Noreg ved Svinesund.

Den største utfordringa er at dei som kjem til grensepasseringa, ikkje har registrert innreisa si til Noreg, melder politiet.

– Litt av utfordringa er å hjelpe og rettleie dei reisande med registreringa av innreise, seier operasjonsleiar Ronny Samuelsen i Aust politidistrikt til NTB.

Frå og med fredag førre veke opna regjeringa for at fullvaksinerte og personar som har gjennomgått koronasjukdom dei siste seks månadene, ikkje lenger treng å vere i innreisekarantene etter å ha vore i utlandet.

Ved framkomst Noreg må dei likevel ha fylt ut eit innreiseskjema, dei må kunne vise fram eit norsk koronasertifikat som viser at dei oppfyller kriteria for å få fritak frå innreisekarantene, og dei må testast for koronavirus.

Politiet oppmodar dei som skal inn i landet til å registrere innreisa si på førehand.

– Dersom dei gjer det, vil passeringa på grensa gå langt meir smidig. Politiet på staden melder om ventetid på til tider opp mot fire–fem timar, seier Samuelsen.

(©NPK)

Det har vore lange køer ved Svinesund sidan nordmenn fekk reise til Sverige igjen. Måndag er ventetida ved grensa på opp mot fem timar. Dette bildet er frå fredag. Foto: Torstein Bøe / NTB