Politiet: – Regn med kø ved grenseovergangane trass gjenopning

Sjølv om samfunnet blir gjenopna vil politiet framleis vere til stades ved grenseovergangane, og reisande må rekne med kø ved dei mest trafikkerte overgangane.

Frå og med laurdag 25. september klokka 16.00 går samfunnet over i ein gjenopningsfase der folk kan leve meir som normalt og byrje å reise igjen. Førebels betyr det likevel at det er berre dei godkjende 35 grenseovergangsstadene som gjeld, melder Politiet på nettsidene sine.

Politiet vil vere til stades ved desse og gjennomføre det dei kallar kunnskapsbasert grensekontroll og stikkprøver.

– Vi gler oss over at samfunnet blir gjenopna, og at vi kan byrje å leve meir som normalt igjen. Men eg vil understreke at det framleis er berre dei godkjende grenseovergangsstadene som er opne for normal trafikk. Kontrollen vil rette seg mot reisande frå område med høgt smittetrykk, seier stabssjef i Politidirektoratet, Lars Aune.

Regjeringa og helsestyresmaktene vil gradvis gjenopne fleire grenseovergangsstader når kommunane får etablert lokale teststasjonar, ifølgje politiet.

I gjenopninga av Noreg blir innreiserestriksjonane fjerna gjennom tre fasar. I den første fasen som startar laurdag, blir det opna for at alle EØS-borgarar inkluderte folk frå andre land som er busette i EØS, kan komme inn til Noreg. Det same gjeld folk som bur i Storbritannia og Sveits.

Regjeringa opnar òg for at alle utlendingar som bur i såkalla lilla land kan komme inn i Noreg. Innreisekarantene gjeld berre for reisande frå raude, mørkeraude, lilla og grå land. Karantene kan avsluttast etter tre dagar ved negativ test. Karantenehotell blir fjerna som krav.

(©NPK)

Tidlegare måtte ein ha gyldig koronasertifikat eller unntak for å reise over grensa ved Svinesund. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB