Annonse

Politiet tar beslag i millionformuen til draps- og terrorsikta Philip Manshaus

Påtalemakta har kravd hefte i verdiar som tilhøyrer Philip Manshaus, for å sikre betaling av erstatning og oppreisning til etterlatne og offer.

Annonse

22-åringen motset seg beslaget, og vil prøve saka for retten, skriv Nettavisen.

I eigedomsregisteret går det fram at Oslo politidistrikt har tatt heft i millionformuen til 22-åringen. Det betyr at politiet har kontroll over formuen, slik at han ikkje kan disponere han sjølv.

Av dokument Nettavisen har fått tilgang til, går det fram at det gjeld ein halvpart av ei leilegheit han eig i Oslo, og politiet har tatt heft i verdiar på inntil fem millionar kroner. Ifølgje eigedomsregisteret vart leilegheita kjøpt av Manshaus og ein familiemedlem for 5,9 millionar kroner i november 2016.

- Klienten min samtykkjer ikkje til heftet fordi han ønsker å disponere over midla sine sjølv. Han vil derfor ha ei rettsleg behandling av dette, seier forsvarar Unni Fries til Nettavisen.

Det var laurdag 10. august at moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum vart ramma av terror, men ingen personar vart alvorleg skadd. Kort tid før moskéangrepet drap Manshaus stesøstera si Johanne Zhangjia Ihle-Hansen.

(©NPK)

Drapssikta Philip Manshaus og forsvararen Unni Fries under eit fengslingsmøte i Oslo tingrett. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix