Politiet væpna seg etter truslar i Eigersund

Verbale truslar frå ein mann i Eigersund førte til at væpna politi rykte ut. Politiet har kontroll på mannen.

Politiet kom i kontakt med mannen i 18.30-tida ved ei adresse i Eigersund, opplyser Sørvest politidistrikt.

– Det vart sett fram truslar mot nokre andre, seier operasjonsleiar John Ask til VG.

Politiet opplyser klokka 19.24 at dei har hatt samtalar med mannen.

– Han vil bli dimittert og oppmoda til å ordleggje seg på ein annan måte ved eit seinare høve, skriv dei.

(©NPK)