Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Martin Henriksen (Ap) og fleire stortingskollegaer meiner den noverande voteringsordninga på Stortinget er gammaldags og tilpassa eldre menn med heimeverande koner.
npk@npk.no
Publisert: 29.07.2016 kl 07:26
– Det er mykje unødvendig tidsbruk. Stortinget er ein god arbeidsplass, men reglane er laga ut frå at representantane er menn i 50-60-åra som har vaksne barn eller heimeverande koner, seier Henriksen til Klassekampen.
Han har sett seg lei på lange kveldar med venting på at medlemmene i komiteane debatterer i stortingssalen skal bli ferdig, slik at ein kan vera klar til votering når debattane er over.
Nokre gonger har politikarane blitt sitjande og venta til over midnatt. Langt frå familievennleg, meiner Henriksen og stortingskollegaene Anne Ljunggren, Torstein Tvedt Solberg, Truls Wickholm, Lene Vågslid, Fredric Holen Bjørdal, Åsmund Grøver Aukrust og Marianne Aasen.
I Klassekampen torsdag tok nestleiar Ola Borten Moe i Senterpartiet til orde for å endra regelverket på Stortinget. I tillegg til at mykje tid er bortkasta, meiner den tidlegare olje- og energiministeren at det hindrar kontakt med folk i heimfylket, i tillegg til å vera ei belastning for familielivet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.