Politikarar: – Noreg må hjelpe Libanon

Norske utanrikspolitikarar meiner Noreg må trå til for å hjelpe Libanon etter eksplosjonen i Beirut. Dei fryktar politisk konflikt i kjølvatnet av katastrofen.

Framstegspartiets utanrikspolitiske talsmann, Christian Tybring-Gjedde, fryktar i ytste konsekvens ein ny borgarkrig i Libanon dersom Noreg og verdssamfunnet ikkje umiddelbart bidreg med nødhjelp.

– Eg fryktar eit potensial for ein ny borgarkrig om ikkje verdssamfunnet og Noreg reagerer raskt, seier han til NTB og viser til at det berre i Noreg er 20.000 veteranar etter FN-oppdraget i samband med den førre borgarkrigen i landet.

– Libanon var allereie før gårsdagens eksplosjon inne i ei svært krevjande tid. Landet har teke imot fleire hundre tusen flyktningar frå omkringliggjande land, landet er svært hardt ramma av covid-19 og økonomien er inne i ein raskt nedgåande spiral, seier Tybring-Gjedde.

– Ufatteleg tragedie

Venstre-leiar Trine Skei Grande, som sit i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, meiner det er soleklart at Noreg no må trå til.

– Libanon gjorde ein så fantastisk innsats ved å ta ei stor byrde av flyktningstraumen frå Syria. No er det Libanon og libanesarar som sjølve treng hjelp til å få økonomien opp å gå og for å hjelpe helsevesenet gjennom to kriser på ein gong, seier Grande til Stavanger Aftenblad.

– Dette er ein heilt ufatteleg tragedie i eit land som var heilt nede på knea i utgangspunktet. Eg synest det er naturleg at Noreg får med òg andre land til å bidra i eit felles løft, seier ho.

KrFs utanrikspolitiske talsperson, Geir Sigbjørn Toskedal (KrF), ber Noreg stille med opp med både utstyr og pengar.

– Dette må regjeringa relativt raskt ta stilling til, seier han.

– Bør bidra på ordinært vis

Høgres Michael Tetzschner, som er første nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, meiner derimot at Noreg bør bidra på ordinær måte.

– Ved slike høve føreset eg at FNs nødhjelpsorganisasjonar vil trå til, og at Noreg då bør ta den forholdsmessige delen av det. Det er unaturleg for meg å seie kva Noreg bør bidra med utover det Noreg stiller opp med i internasjonal nødhjelp. Vi kan ikkje ha ein hendingsstyrt utanrikspolitikk, seier han.

Anniken Huitfeldt (Ap) peikar på at Libanon no treng økonomisk støtte. Samtidig deler ho frykta for politisk konflikt i kjølvatnet av tragedien.

– Det aller viktigaste vi kan gjere, er å bidra til politisk forsoning mellom grupper i landet, seier ho.

(©NPK)

Norske utanrikspolitikarar ber Noreg trå til for å hjelpe Libanon etter den øydeleggjande eksplosjonen i Beirut. Foto: AP / NTB scanpix