Annonse

Politikarar vil ikkje ha eit stengt Storting

Stortinget vil gå gjennom rutinane for besøk og seminar etter arrestasjonen av den spionsikta russaren. Politikarane ønsker ikkje eit meir stengt Storting.

Annonse

Kontrollen fungerer, meiner Lene Vågslid (Ap), som leiar justiskomiteen på Stortinget.

- Ut ifrå det som er gitt av informasjon og har stått i media, ser denne saka ut til å vere riktig handtert. Sikkerheita på Stortinget er god, og eg er opptatt av den demokratiske verdien i å ha eit mest mogleg ope Storting, seier Vågslid til NTB.

Stortingsdirektør Marianne Andreassen sa måndag at rutinar knytt til besøk og seminar på Stortinget vil bli gjennomgått etter arrestasjonen av den russiske 51-åringen.

Både Petter Eide i SV og Jenny Klinge i Senterpartiet peiker på viktigheita av at Stortinget er ope for møter og seminar.

- Det er vanleg med seminar på Stortinget. Det er bra, Stortinget skal vere ein ope stad, seier Eide. Han meiner det faktum at russaren er arrestert, tyder på at overvakinga i Stortinget held mål.

- Det at Stortinget er arena for slike møter, er med på å byggje opp under interparlamentarisk samarbeid, meiner Klinge.

- Samtidig er det opplagt at dersom dette aukar risikoen for at etterretningsaktørar får tak i sensitiv informasjon, må ein tenkje på nytt om slike møter skal haldast på Stortinget, legg ho til.

(©NPK)

Stortingspolitikarar ønsker ikkje stengde dører på Stortinget. Foto: Tore Meek / NTB scanpix