Politivaldssaka i Bergen: Ny bok skuldar valdsforskarar for bløff

Forskingsprosjektet som låg til grunn for politivaldssaka i Bergen, blir i ei ny bok stempla som svindel. Men forfattarane har ikkje sjølv snakka med offer.

«Den største forskningssvindelen i Norges historie», skriv forfattarane Bjarne Kvam, Per Christian Magnus og Tom Kristensen i den nye boka «Politivoldsaken».

Politivalden i Bergen vart avdekt då Gunnar Nordhus og Edvard Vogt la fram forskingsrapporten «Volden og dens ofre» i 1981. Det vart starten på eit stort oppgjer om politivald i Noreg. Men no hevdar Kvam, Magnus og Kristensen at dei kan dokumentere at mykje av det dei to forskarane hevda, var «rein bløff».

- Vi stiller oss heilt opne for at det kan ha vore politivald i Bergen. Men vi har ikkje noka tru på at det var noko verre i Bergen enn andre stader, seier Bjarne Kvam til NTB.

Han meiner det er «opplagt» at Nordhus og Vogt «hadde som formål å sverte politiet».

«Makteslaus»

Gunnar Nordhus har gitt advokaten sin Håkon Brækhus fullmakt til å uttale seg på hans vegner.

- Nordhus er helsemessig ikkje i stand til å ta til motmæle, seier advokaten i ei pressemelding etter lanseringa av boka tysdag.

Ifølgje han føler Nordhus seg «makteslaus» overfor påstandane som blir sette fram i boka.

- Han tek det særleg ille opp at dei tidlegare kollegaene hans blir for skulda å ha vore uærlege etter at dei er døde, seier advokaten.

Pårørande reagerer

Forskingspartnaren Edvard Vogt døydde i 2016, 93 år gammal. Vogts pårørande reagerer kraftig på påstandane i boka.

- Forfattarane spekulerer på at politivaldsforskarane hadde personlege grunnar til å ramme politiet, og at dei kan ha vore drivne av eit ønske om anerkjenning. Dei påstår òg at det kan ha vore ein konspirasjon for å fremje ein eigen politisk agenda. Dette er så absurd at det ikkje kan takast seriøst, seier sonen Ivar Chelsom Vogt i ein skriftleg kommentar til NTB.

Han meiner boka gir ein versjon av historia der maktmisbruket frå politi og påtalemakt er viska bort.

Har ikkje snakka med offera

Då forfattartrioen heldt pressekonferanse for å lansere boka, vedgjekk dei at dei ikkje har snakka med nokon av valdsoffera sjølve.

Kvam forsvarer dette med at forfattarane ville ha stilt seg i «farleg» ein situasjon viss dei hadde gjennomført slike intervju, fordi valdsoffera i ettertid kunne ha skulda dei for å manipulere sitat.

Han går langt i å trekkje truverdet til valdsoffera i tvil.

- Det denne politivaldssaka har vist, er at desse valdsoffera gjerne fortel éi historie den eine dagen og så ei anna historie neste dagen. Så det å basere seg på kva desse valdsoffera seier, er ikkje eigna til å kaste lys over om dette forskingsprosjektet er seriøst eller ikkje, seier Kvam til NTB.

- Vi har ikkje granska politivald. Vi har granska eit forskingsprosjekt, påpeikar han.

Utfordrar pressa

Men det mest interessante for publikum er om funna i valdsforskinga stemmer eller ikkje, meiner Brækhus.

- Nordhus oppmodar pressa til å kontakte tidsvitne som skal ha vore utsette for vald frå politiet, heiter det i fråsegna frå advokaten.

Han stiller spørsmål ved avgjerda til forfattarane om ikkje å snakke med valdsoffera sjølve.

- Gunnar Nordhus ser på valdsoffera som sentrale personar, seier Brækhus.

(©NPK)