Portugal kjempar mot flammane

Rundt 1.000 brannfolk kjempar mot store skogbrannar i Portugal, der fleire landsbyar blir trua av flammane.

Brannane som dei siste dagane har herja i dei to distrikta Vila de Rei og Macao, rundt 200 kilometer nordaust for Lisboa, var måndag i ferd med å døy ut.

Fleire landsbyar i området er likevel framleis trua, og rundt 300 brannbilar er på plass for å verne dei, skriv avisa Publico.

Gradestokken har den siste tida krope over 40, og terrenget er knusktørt. Låg luftfukt og sterk vind gjer det derfor svært vanskeleg å hindre spreiing, og nye brannar kan blusse opp på få minutt.

Kan vere påsett

Minst åtte menneske vart i helga skadde i brannane, og Portugals president Marcelo Rebelo de Sousa avlyste alle avtalar for å følgje sløkkearbeidet.

Innanriksminister Eduardo Cabrita antyda søndag at brannane i Vila de Rei og Macao kunne vere påsette.

- Årsaka til brannen blir etterforska ... det er noko merkeleg der. Korleis kan det ha seg at fem så store brannar har brote ut i område som ligg så nær kvarandre? spurde han retorisk.

Arresterte mistenkt

Portugisisk politi arresterte søndag ein 55 år gammal mann, som er mistenkt for å ha starta ein av brannane.

- Handlingane til mistenkte har sett liv, bygningar og skogen i fare, heiter det i ei fråsegn frå politiet. Dei går samtidig ikkje så langt som å seie at mannen er direkte ansvarleg for skogbrannane.

For to år sidan mista over 100 menneske livet i skogbrann i det same området, og berre frå januar til april i år vart over 250.000 hektar teke av flammane, ifølgje skogbrannstatistikk frå EU.

(©NPK)

Portugisiske brannmannsskapar kjempa søndag kveld mot flammane nær landsbyen Cardigos. Foto: AP / NTB scanpix

Fleire landsbyar i det sentrale Portugal, rundt 200 kilometer nordaust for Lisboa, er trua av skogbrann. Foto: AP / NTB scanpix

Rundt 1.000 brannmannsskapar kjempar mot fleire store skogbrannar i det sentrale Portugal. Foto: NTB / AP scanpix