Portugisisk draumestart utan Ronaldo

Cristiano Ronaldo har pause frå landslagsspel, utan at det ser ut til å påverke Portugal nemneverdig. Torsdag vart det 3-2-siger mot Polen i nasjonsligaen.

Den polske måltjuven Robert Lewandowski spelte sin landskamp nummer 100 på heimebane i Chorzow, men fekk jubileet øydelagt av ein solid portugisisk snuoperasjon.

Dei regjerande europameistrane scora tre gonger på 20 minutt rett før og rett etter pause, og avgjorde kampen på det. Andre Silva, Bernardo Silva og eit polsk sjølvmål stod bak scoringane.

Med sigeren har Portugal full pott i nasjonsligaen etter to kampar. Italia vart slått 1-0 i opningskampen i september.

Cristiano Ronaldo har fått fri frå landslaget ut året for å konsentrere seg om karrieren i Juventus. Den portugisiske stjerna forlét Real Madrid til fordel for den italienske storklubben i sommar.

(©NPK)

Portugals Andre Silva scora mot Polen torsdag. Foto: Czarek Sokolowski / AP / NTB scanpix