Annonse

Premier League endrar tolkinga av offsideregelen

I kjølvatnet av Manchester Citys kontroversielle mål heime mot Aston Villa, endrar dei no dommaransvarlege i Premier League tolkinga av offsideregelen.

Det same gjeld for dei tre divisjonane i English Football League (EFL). Det blir skissert i eit brev til dei 91 klubbane, melder Sky Sports.

Med 11 minutt igjen av ordinær tid i kampen mellom Manchester City og Aston Villa førre veke gjekk Manchester City-spelar Rodri i duell med gjestenes Tyler Mings. Ballen gjekk frå Mings til Bernardo Silva, som skåra det første målet i kampen.

Ein spelar som får ballen frå motspelar skal ikkje blåsast av for offside, men poenget i dette tilfellet er at Rodri kom frå offsideposisjon då han pressa Mings.

Etter kampen viste Premier League i ei fråsegn til regeltolkinga og peika på at avgjerda til dommarane var i tråd med gjeldande retningslinjer. Det førte til omfattande kritikk.

Premier Leagues dommarorgan (PGMOL) har sidan vore i samtalar med Fotballens internasjonale lovkomité (IFAB). Det har resultert i nye retningslinjer som inneber at eit tilsvarande mål i framtida vil bli annullert for offside.

(©NPK)

Dommar Jonathan Moss og kollegaene hans må justere handhevinga av offsideregelen. Her protesterer Tyrone Mings forgjeves under ein kamp mellom Manchester City og Aston Villa førre veke. Foto: Shaun Botterill / AP / NTB