Premier League-profil takkar politiet etter rasismeepisode

Crystal Palace-stjerna Wilfried Zaha takkar for støtten han har fått og arrestasjonen som vart gjord etter han vart utsett for rasistisk motiverte truslar.

Før Premier League-kampen mellom Palace og Aston Villa søndag vakna Zaha opp til rasistiske meldingar sendt til sin instagram-konto.

Seinare på dagen melde lokalt politi at ein 12 år gamal gut var arrestert i saka. Måndag takka Zaha for støtta.

– Veldig skuffa over at vi ikkje fekk eit betre resultat, men eg vil takke alle som har sendt meg støttemeldingar. Eg vil òg takke politiet for dei raske handlingane deira ved å gjere ein arrestasjon, skriv Premier League-profilen på sin Twitter.

Han er letta over at saka vart teken hand om, men seier at vegen er lang for å få rydda opp i rasismeproblema.

– Dette er ikkje første gong eg får meldingar som dette, og eg er heller ikkje den einaste spelaren som har fått slike meldingar, skriv han.

Aston Villa vann kampen på søndag 2-0.

Også Sheffield United-spiss David McGoldrick, som skåra to mål mot Chelsea laurdag, vart utsett for rasisme på sosiale medium.

(©NPK)

Wilfried Zaha og dei andre spelarane i Premier League har markert sin støtte til «Black Lives Matter»-bevegelsen, men blir stadig utsette for rasisme. Foto: Tim Keeton / AP / NTB scanpix