Annonse

Premier League tek ramadan-grep – Salah får «matpause» under kamp

Dommarane i Premier League skal ha fått beskjed om å leggje inn pausar i kommande kveldskampar slik muslimske spelarar skal få ta til seg næring under ramadan.

Annonse

Torsdag denne veka blir fastemånaden til muslimane - ramadan - innleidd. No tek engelsk fotball grep for å leggje til rette og komme behov i møte dette medfører for aktuelle spelarar, melder Sky Sports.

Fleire av Premier League største stjerner, blant dei Liverpools Mohamed Salah og Manchester Citys Riyad Mahrez, er forventa å faste den kommande månaden. Dei må då ete og drikke etter at sola har gått ned.

Det skal det no bli høve til under kampar som blir spelte på kveldstid i mellom anna Premier League.

Dommarane i engelsk fotball er instruert om å finne naturlege tidspunkt i oppgjera der det kan leggjast inn ein pause for at Salah og andre kan ta til seg føde i form av drikke, energibarar eller andre ting.

Sky Sports skriv at for to år sidan vart kampen mellom Leicester og Crystal Palace stansa kort for at spelarane Wesley Fofana og Cheikhou Kouyaté kunne bryte fasta. Det skal vere første gong at ein gjorde eit slikt grep i Premier League.

I etterkant la Fofana ut ei melding i sosiale medium der han takka alle involverte for handsrekkinga.

«Det er dette som gjer fotballen vakker», skreiv han.

(©NPK)

Mohamed Salah kan få ein rask matpause under kampar. Foto: Manu Fernandez / AP / NTB