Annonse

Presidentskapen vil framleis la partia peike ut medlemmer til nobelkomiteen

Presidentskapen i Stortinget vil la partia halde fram å velje kandidatar til nobelkomiteen. Visepresident Abid Rajas forslag om ein valkomite fekk ikkje støtte.

I fjor vart det bråk då Frp ville gi stortingsvara og tidlegare partileiar Carl I. Hagen ein plass i den prominente komiteen som deler ut Nobels fredspris. Det førte til at Stortinget vedtok at verken sitjande stortingsmedlemmer eller varamedlemmer kan sitje i komiteen. No har både eit utval av stortingsmedlemmer og presidentskapen vurdert om det skal bli gjort andre endringar i valprosessen.

Fleirtalet i presidentskapen går inn for at medlemmer blir valt etter forslag frå partigruppene basert på den forholdsmessige storleiken deira, som i dag.

I innstillinga, som vart klar torsdag, heiter det at medlemmer berre kan bli valt om igjen éin gong, det vil seie at dei kan sitje maksimalt tolv år i komiteen. Det er òg vedteke at leiarar i internasjonale organisasjonar der statar er medlemmer ikkje skal bli valde som medlemmer i Nobelkomiteen. Dette skal ikkje ha tilbakeverkande kraft og dermed blir ikkje Thorbjørn Jagland, som er generalsekretær i Europarådet, kasta ut av komiteen.

Visepresident Abid Raja (V) foreslo ei ny ordning, der det blir sett ned ein valkomite og presidentskapen leverer ei innstilling basert på deira anbefaling, som Stortinget så stemmer over.

Men fleirtalet i presidentskapen meiner ordninga i dag sørgjer for ein demokratisk prosess, og at dei som blir valde, representerer ulike samfunnssyn.

(©NPK)

Vara på Stortinget og tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen ville gjerne ha ein plass i Nobelkomiteen, men fekk det ikkje. Bråket i fjor har ført til at Stortinget gjer endringer i korleis komitemedlemmene blir valde. Arkivfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix