Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Det europeiske fotballforbundet (Uefa) vil avgjere kven som blir etterfølgjaren til utestengde Michel Platini 14. september.
npk@npk.no
Publisert: 18.05.2016 kl 13:27
Platini kunne ikkje fortsette i jobben då han vart utestengd frå all fotball av Det internasjonale fotballforbundet (Fifa). Den internasjonale domstolen i sportssaker (CAS) mistenkte korrupsjon etter at franskmannen tok imot rundt 14 millionar kroner i 2011 frå tidlegare Fifa-president Sepp Blatter.
Uefa har sidan vore utan president og først 14. september blir ein ny leiar valt. Det skjer på Uefa-kongressen i Aten.
Den nye presidenten blir sitjande til mars 2019 og blir også ein av visepresidentane i Fifa. Fristen for å melde inn kandidatar er 20. juli. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.