Pressa Koeman stengt ute i to kampar

Barcelona-trenar Ronald Koeman har tunge dagar. På toppen av svake resultat er han utestengd i to kampar på grunn av protestar mot dommarane.

Den spanske storklubben vart knust av Bayern München på heimebane i meisterligaopninga og har no gitt frå seg poeng mot botnlag i to seriekampar på rad.

I 0-0-kampen på torsdag mot Cádiz fekk Koeman raudt kort av dommar Carlos del Cerro etter at han fleire gonger uttrykte misnøya si overfor fjerdedommaren og i tillegg forlét det tekniske området fleire gonger.

Fjerdedommaren bad Koeman om å roe seg, utan å bli høyrd.

– I dette landet blir ein utvist for ingenting, sa Koeman på pressekonferansen etterpå, men no har Spanias fotballforbund valt å stengje han ute i to kampar.

Barcelona har enno ikkje tapt i ligaen, men er berre nummer sju på tabellen, sju poeng bak erkerivalen Real Madrid på tabelltopp.

(©NPK)

Ronald Koeman uttrykte gjentatte gonger sin misnøye med dømminga under Barcelonas mållause kamp mot Cádiz torsdag og fekk raudt kort for det. No er han utestengt i to kampar. Foto: Miguel Morenatti, AP / NTB