Prikkete sebraføll fotografert i Kenya

Under eit fotooppdrag i Kenya oppdaga fotograf Frank Liu eit sjeldan sebraføll. Føllet hadde mørk pels og kvite prikkar, men ikkje sebrastriper.

Fotografen var eigentleg på leiting etter nashorn då han såg den iaugefallande sebraen, som truleg var rundt éi veke gammal.

- Ved første augekast såg han ut som ei anna art, seier Liu til National Geographic.

Stripene til sebraen er like unike som fingeravtrykket til menneske. Observasjonen av den prikkete sebraen er ifølgje fotografen den første som er gjort i nasjonalparken Masai Mara i Kenya.

Biolog Ren Larison ved University of California seier til nettstaden at føllet truleg har ein tilstand som kallast pseudomelanisme, som er ein sjeldan genetisk mutasjon der sebraene får eit avvikande stripemønster.

Tidlegare er det oppdaga sebraer med eit liknande avvikande stripemønster ved Okavango-deltaet i Botswana.

(©NPK)