Annonse

Prins Harry og hertuginne Meghan ventar barn

Prins Harry og kona hertuginne Meghan ventar barn, opplyser Kensington Palace.

Annonse

Terminen er i løpet av våren 2019, heiter det i kunngjeringa frå Kensington Palace måndag.

- Dei kongelege set stor pris på all støtte dei har fått frå menneske over heile verda sidan bryllaupet i mai, og gler seg stort over å kunne dele den gode nyheita med folket, heiter det i kunngjeringa.

Meghan og Harry gifta seg i mai, og kongetru britar har sidan då venta i spenning på om det snart skulle komme nyheiter om at ein ny kongeleg baby var på veg.

Kunngjeringa frå det britiske hoffet kom same dag som hertugparet kom til Sydney i Australia på sitt første offisielle utanlandsbesøk saman.

(©NPK)

Storbritannias prins Harry og Meghan, hertuginna av Sussex, ventar barn til våren, opplyser Kensington Palace. Foto: AP / NTB scanpix