Annonse

Problem ved elbil-ladestasjonar

Ein feil ved ladestasjonane til Recharges gjer at fleire ikkje får lada elbilen sin her.

Annonse

– Vi har akkurat no driftsproblem, og opplever at eit tal kundar ikkje får lada. Vi beklagar dette på det sterkaste, seier pressekontakt Elise Thorvaldsen i Recharges til VG.

Selskapet har 2.500 ladestasjonar for elbilar i Noreg, Sverige og Finland.

Thorvaldsen seier at dei endå ikkje veit kor stort omfanget er, men at feilen ligg hos systemleverandøren deira.

– Leverandøren vår har ekspertane sine på saka, og jobbar på spreng med å få løyst problemet, seier ho.

(©NPK)