Annonse

Professor slaktar Sveriges OL-planar

Økonomiprofessor Tommy D. Andersson meiner at Sveriges OL-budsjett for 2026 er grundig polert for å blidgjere skattebetalarane.

Stockholm og Åre vil arrangere vinter-OL i 2026 med eit budsjett på 13,6 milliardar svenske kroner.

Professoren i næringslivsøkonomi frå handelshøgskulen i Göteborg har ikkje tru på utrekningane eller tala.

- Dei vil vinne folks hjarte med at det ikkje kostar å ha ein fest, og det synest eg er feil innstilling, seier Andersson til Expressen.

Professoren finn ikkje budsjettala truverdige.

- Det finst data frå 1960 til 2010 som viser at eit OL aldri har vore innanfor budsjettramma, og denne gongen er ambisjonen å gjere det enda billegare enn tidlegare OL. Det finst ikkje sjanse for at dei klarer å halde det budsjettet som no er sett opp. Det er alltid mogleg å trikse med førehandsvisinga, seier professoren.

Trass i skepsisen til budsjettet er ikkje professor Andersson motstandar av å arrangere OL.

- Eg er positivt innstilt til OL. Eg synest at Sverige skal ha det. Eg er berre kritisk til budsjettet. Det er lagt stor vekt på at vi skal ha det morosamt, men det skal ikkje koste noko. Det stemmer ikkje overeins, ifølgje logikken min. Skal det bli bra, så kostar det.

Stockholm og Åre er saman med Milano/Cortina d'Ampezzo dei einaste søkarane til å arrangere vinter-OL i 2026.

- Vi har eit fantastisk bra budsjett for å gjennomføre eit supert OL, seier kampanjesjef Richard Brisius.

(©NPK)

Sverige ønsker å arrangere vinter-OL i 2026. Her er Marit Bjørgen i aksjon i Pyeongchang-OL i 2018. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix