PSG-siger i søkjelyset for mogleg kampfiksing, 46 millionar i innsats på raude Stjerne-stortap?

Litt over ei veke etter Paris Saint-Germains 6-1-slakt av Raude Stjerne blir meisterligakampen i fotball sett under lupa. Ein fryktar oppgjeret var fiksa.

Det seier kjelder som er tett på etterforskinga av saka til nyheitsbyrået AFP. Ein leiar i Raude Stjerne skal ha satsa 5 millionar euro (46 millionar kroner) på at det serbiske laget skulle tapa bortekampen med fem mål, skriv den franske avisa L'Équipe.

Dersom det er rett og veddemålet er gjennomført, vil gevinsten truleg kunne vera på opp mot 400 millionar kroner.

Talsmann for Raude Stjerne, Nebojsa Todorovic, ville først ikkje kommentera saka overfor AFP. Seinare brukte klubben ord som «fråstøytande» om skuldingane.

Neymar-hat trick

Spelindustrien har eit vel utbygd system som følgjer innsatsane gjort på idrett. Ifølgje ein av overvakarane er det ikkje funne markante avvik på innsatsar når det gjeld PSG - Raude Stjerne, men det finst mange illegale bookmakerar verda rundt der ein kan setja innsatsane sine.

PSG leidde den aktuelle kampen 4-0 ved pause. Det stod 5-0 etter 70 minutt. Så reduserte raude Stjerne ein gong før Neymar sette fast sluttresultatet til 6-1 etter 81 minutt då han fullbyrda hat tricket sitt.

Tips før avspark

Raude Stjerne, som er tilbake i den gjævaste europacupen for første gong sidan 1992, spelte 0-0 heime mot italienske Napoli i meisterligaopninga i september. Den serbiske klubben vann forgjengaren til meisterligaen, serievinnarcupen, i 1991.

Uefa skal ha fått eit tips i dagane før avspark om at det kunne vera mistenkjelege innsatsar på utfallet av kampen. Fransk Økokrim har så langt nekta å kommentera saka.

Liverpool er den neste motstandaren for Raude Stjerne i meisterligaen. Oppgjeret blir spelt på Anfield onsdag 24. oktober.

(©NPK)

Neymar gjorde hat trick i PSGs 6-1-sigeren over Raude Stjerne. Oppgjeret blir no etterforska for kampfiksing. Foto: François Mori / AP / NTB scanpix