Annonse

PSG utan Neymar i meisterligaoppgjer

Neymar blir ikkje ein del av Paris Saint-Germains tropp til heimemøtet med tyske RB Leipzig i Meisterligaen tysdag. Brasilianaren blir stoppa av lysketrøbbel.

Annonse

Det opplyste PSG-trenar Mauricio Pochettino på pressekonferansen på måndag.

– Helsa til spelaren blir prioritert. Det er berre snakk om eit lite problem, og det vil forhåpentleg ordne seg på nokre få dagar, sa Pochettino.

Neymar fekk lyskeplagene då han var på landslagsoppdrag for Brasil nyleg.

PSG har fire poeng etter to kampar i gruppespelet i haust i Champions League. RB Leipzig kjem til kampen på tysdag utan å ha plukka poeng i innleiinga.

(©NPK)

Neymar blir ikkje å sjå for Paris Saint-Germain mot RB Leipzig i meisterligaen tysdag. Foto: Christophe Ena / AP / NTB