Annonse

PSGs toppskårar ønskjer seg bort

Edinson Cavani har gitt uttrykk for at han ønskjer å forlate PSG. Parisklubben seier dei no vurderer om spissen skal få ønsket sitt oppfylt.

PSG-sportsdirektør Leonardo stadfestar at den uruguayanske spissen ønskjer å forlate den franske storklubben.

– Han har spurt om å få forlate oss. Vi vurderer førespurnaden no, sa Leonardo som også stadfesta at Atlético Madrid har kome med ein førespurnad om å hente angrepsspelaren.

Sportsdirektøren seier han ikkje ønskjer at Cavani forlèt klubben, men at dei vurderer førespurnaden på grunn av at dei har stor respekt for spelaren.

Cavani er den mestskårande spelaren i klubbens historie med sine 198 mål, men har mista plassen på laget til Mauro Icardi, som er på lån frå Inter.

PSG-trenar Thomas Tuchel seier at han håper han har 32-åringen i stallen også etter at overgangsvindauget stengjer i slutten av januar.

– Viss vi ønskjer å nå måla våre og vinne så mange trofé som mogleg, så er det best at vi held på Cavani, seier Tuchel.

Cavanis kontrakt med PSG strekkjer seg fram til sommaren.

(©NPK)

PSGs Edinson Cavani (høgre) ønskjer seg bort frå PSG. Foto: Thibault Camus / AP / NTB scanpix