Publikum sviktar det svenske landslaget

Når Sverige tar imot Slovakia til privatlandskamp tysdag, går det mot det lågaste publikumstalet nokosinne på Friends arena.

Ein landskamp utan nerve ein tysdagskveld i oktober er ikkje den store publikumsmagneten for det svenske landslaget i fotball. Når Slovakia kjem på besøk, kjem det, ifølgje TT, til å bli deet lågaste publikumstalet sidan stadionet vart bygd for seks år sidan.

Billettsalet blir ikkje oppgitt, men det verkar som det kjem endå færre publikummarar enn det gjorde mot Noreg i 2013. Den gong var det 13.438 som såg Sverige vinne 4-2.

- Vi spelar klokka 20.45 på ein kvardag og det er vanskeleg for familiar å komme seg hit, seier landslagskaptein Andreas Granqvist, som lar seg irritere over at kampen går så seint på kvelden.

- Ein treningskamp mot Slovakia etter ein konkurransekamp mot Russland (0-0 i nasjonsligaen) spelar inn. Men eg er mest irritert på kamptidspunktet, men det er ikkje vi som bestemmer det. Hadde vi spelt klokka 19 hadde det antakelegvis komme nokre tusen til.

Publikumsrekorden for det svenske landslaget er 50.022. Den vart sett i VM-kvalifiseringa mot Luxembourg 7. oktober i fjor (8-0).

(©NPK)

Svenskane synest ikkje det er like morosamt med privatlandskamp mot Slovakia ein tysdags kveld i oktober. No går det mot det lågaste publikumstalet på Friends arena nokosinne på ein landskamp. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix