Annonse

Pusterytmen kan ha samanheng med Alzheimer

Pusten kan påverke reinsinga av hjernen, som kan ha tyding for sjukdommar som Alzheimer og Parkinson.

- Vi har spinalvæske rundt hjernen som mellom anna vernar hjernen vår mot støyt. No har vi òg funne ut at denne væska kan trenge inn i sjølve hjernen og faktisk vere med på å reinse han, fortel kommande postdoktor Vegard Vinje til NRK.

Saka vart først omtalt av Forskning.no.

Om få dagar skal Vinje forsvare doktorgradsavhandlinga si ved Simula Research Laboratory på Fornebu. Saman med seks andre, som er matematikarar, legar og kirurgar, publiserte han ein studie i byrjinga av månaden om korleis pusten påverkar væskestraumen i hjernen. Studien vart publisert i tidsskriftet «Nature Scientific Reports».

Forskarar trur væskeflyten i hjernen bidrar til å ta bort avfallsstoff ved sjukdommar som Alzheimers eller Parkinson.

- Teorien vi jobbar etter er at væska flyt gjennom hjernen og drar med seg avfallsstoff gjennom hjernen og ut tilbake til spinalvæska, som ligg rundt hjernen, seier Vinje.

Forskarane trur pusten kan påverke flyten av spinalvæske, og at djupe andedrag gjer at ho vil flyte lenger inn i hjernen enn korte. På den måten kan djupe pust transportere meir avfallsstoff ut av hjernen.

- Har vi ei strand som er full av søppel, og ser for oss at vi har veldig lange bølgjer som slår inn på stranda, så vil det heilt klart reinse meir effektivt enn korte og krappe bølgjer, seier Vinje.

(©NPK)

Pusten er med på å reinse hjernen og kan ha betyding for sjukdommar som Alzheimer og Parkinson, ifølgje ny forsking. Illustrasjonsfoto. Foto: Frank May / NTB scanpix