Putin: Den kinesiske fredsplanen kan vere grunnlag for løysing i Ukraina når Vesten og Kyiv er klare

Den kinesiske leiaren Xi Jinping presenterte tysdag fredsplanen sin for den russiske presidenten, som karakteriserer den som eit godt utgangspunkt.

Vladimir Putin har derimot lita tru på at Vesten og Ukraina er klare og villige til å omfamne den kinesiske fredsplanen.

– Vesten vil kjempe til siste ukrainar, seier han til det statlege russiske nyheitsbyrået Tass.

Xi sa etter møtet at Kina tek ei upartisk haldning til konflikten i Ukraina og at «ansvarleg dialog» er den beste måten å løyse han på.

Xi understreka også at den kinesiske fredsplanen byggjer på prinsipp som er nedfelte i FN-pakta.

Ifølgje statlege kinesiske medium er begge dei to leiarane samde om at alle lands «legitime sikkerheitsbekymringar» må respekterast, men utan å gå inn på kva dette inneber.

Russlands president Vladimir Putin diskuterte tysdag den kinesiske fredsplanen for Ukraina med president Xi Jinping. Foto: Sputnik / AP / NTB