Putin gratulerer Xi med fem nye år

Russlands president Vladimir Putin gratulerte fredag Xi Jinping med attvalet i Kina. Samtidig hylla han det sterke bandet mellom Kina og Russland.

– Kjære venn, ver vennleg og ta imot dei oppriktige gratulasjonane mine i samband med attvalet ditt, sa Putin i ei fråsegn gjeven att av Kreml.

– Russland verdset det personlege bidraget ditt til å styrkje bandet og samarbeidet mellom nasjonane våre, sa presidenten vidare.

Xi Jinping vart fredag einstemmig attvald til ein tredje periode som den kinesiske presidenten og blir dermed sitjande i fem nye år.

Sidan den russiske invasjonen av Ukraina i februar i fjor har Russland prøvd å knyte tettare band til Kina.

Kina har ikkje fordømt invasjonen av Ukraina, men har gitt uttrykk for bekymring og fleire gonger teke til orde for forhandlingar. Kina har tidlegare understreka den «grenselause» vennskapen med Russland.

(©NPK)

Russlands president Vladimir Putin (til venstre) har gitt sine gratulasjonar til Kinas president Xi Jinping, som fredag blei attvald til ein tredje periode i leiarstolen. Her er dei fotograferte saman i Beijing 4. februar 2022. Foto: Alexei Druzjinin / Sputnik / AP / NTB