Klargjør siden...

Radwanska tapte for marerittmotstandar

(NPK-NTB): Det vart ein overraskande stopp i fjerde runde av Wimbledon for tredjeseeda Agnieszka Radwanska. Dominika Cibulkova vart for sterk.

Polakken tapte med siffera 3-6, 7-5, 7– 9 for Cibulkova, som er seeda som nummer 19 i turneringa. Radwanska har slite også tidlegare under Wimbledon i år, og hadde blant anna problem mot Ana Konjuh i andre runde.

Cibulkova har nådd kvartfinalen i Wimbledon éin gaog tidlegare, i 2011. Ho slo Radwanska også i WTA-turneringa i Eastbourne i juni.

Angelique Kerber (fjerdeseeda) og Simona Halep (femteseeda) handterte favorittstempelet langt betre enn Radwanska og tok seg vidare med sigrar over høvesvis japanske Misaki Doi og amerikanske Madison Keys. Kerber og Halep møtest i kvartfinalen.

I dei andre kampane i fjerde runde som er ferdigspelte, vart russiske Anastasia Pavlutsjtsjinskova for sterk for Coco Vandeweghe, mens Jaroslava Sjvedova tok seg vidare på kostnad av Lucie Safarova. (©NPK)

Annonse